LUI-lab: Lesing for alle

Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) inviterer til LUI-LAB om inkluderende lesing.

Dei siste åra har vi sett ein nedgang i leseferdigheiter og leselyst hos elevar i norsk skole. Derfor lanserte Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet Leselyststrategien 2024–2030 – Saman om lesing i mai 2024.

Målet med denne er å bygge ein god lesekultur og bidra til at barn og unge får gode leseopplevingar og leseferdigheiter.

To hovedtema

På denne LUI-laben spør vi: Kva betyr dette for fleirspråklege barn og elevar?

Korleis kan barnehage, skole og bibliotek bidra til gode leseopplevingar for alle?

Fleire fagpersonar frå fakultetet utforskar desse spørsmåla:

  • Marit Lunde, senterleder på NAFO 

  • Ragnhild Buknotten Stautland, rådgiver på NAFO

  • Hilde Dybvik, førstelektor på Institutt for barnehagelærarutdanning

  • Elise Wagner Finnanger, rådgiver på NAFO

  • Siri Mohammad-Roe, førstelektor på Institutt for grunnskolelærerutdanning