Lansering: Nasjonal tryggleiksundersøking

Kor mange vart utsette for lovbrot i Noreg i fjor? Og er det nokon grupper i Noreg som er meir utsette enn andre? Velkommen til lansering av årets nasjonale tryggleiksundersøking.

Nasjonal tryggleiksundersøking kartlegg uro og sårbarheit for lovbrot i Noreg.

Målet med undersøkinga er å gi oss utfyllande kunnskap på området som eksisterande statistikk ikkje dekkjer. Oversikta over melde lovbrot seier ikkje noko om uro i befolkninga, og det er også grunn til å tru at mange lovbrot ikkje blir melde.

Over 25 000 personar har blitt spurde om uro og sårbarheit for lovbrot, og resultata frå undersøkinga gir ein peikepinn på det reelle omfanget av fleire typar lovbrot.

Rapporten viser:

  • Kor mange vart utsette for lovbrot i Noreg i 2022?
  • Kor store er mørketala?
  • Kva lovbrot blir flest utsette for?
  • Kven er mest uroleg for å bli utsett for lovbrot?
  • Er det nokon grupper i befolkninga som er meir utsett for lovbrot enn andre?
  • Uro og sårbarheit for lovbrot blant lesbiske, homofile og bifile.

Program

08:30 - 09:00
Lett servering

9:00-10:00

  • Velkommen ved Mira Aaboen Sletten, forskingsleiar, NOVA, OsloMet
  • Kommentarar til funna ved statssekretær John-Erik Vika, Justis- og beredskapsdepartementet
  • Presentasjon av funna ved forskar og prosjektleiar Mette Løvgren, NOVA, OsloMet 
  • Sårbarheit og utryggleik – før og no
    ved professor Heidi Mork Lomell, Institutt for kriminologi og rettssosiologi, Universitetet i Oslo
  • Kva betyr det å ikkje melde seksuelle krenkingar?
    ved professor May-Len Skilbrei, Institutt for kriminologi og rettssosiologi ved Universitetet i Oslo

Om rapporten og prosjektet

Rapporten er utarbeidd av Mette Løvgren, forskar II ved NOVA, Oslomet, Øivind Skjervheim og Asle Hagestøl, seniorutreiarar ved Ideas2evidence, Andreas Kotsadam, seniorforskar ved Frischsenteret, Vegar Bjørnshagen, forskar II ved NOVA, OsloMet og Stian Lid, forskar II ved NIBR, OsloMet.

Nasjonal tryggleiksundersøking blir gjennomført årleg i perioden 2023–2027. Undersøkinga er eit samarbeidsprosjekt mellom NOVA (prosjektleiar) ved OsloMet, Ideas2evidence og Frischsenteret og er finansiert av Justis- og beredskapsdepartementet.