Verdas beste trygdesystem – modent for revisjon?

Velkommen til ein borgarlønnsinspirert konferanse om trygdesystemet i Noreg.

Kvifor er borgarlønn-inspirerte forsøk nærast fråverande i norsk reformdebatt om den offentlege inntektssikringa medan den finske og den nederlandske velferdsstaten har gjennomført omfattande borgarlønnsinspirert forsøk?

Borgarlønn er ein gammal idé som har fått aukande merksemd i både fattige og rike land som ledd i kamp mot fattigdom, utjamning av forskjellar mellom fattig og rik og utvikling av eit meir fleksibelt sosialforsikringssystem.

I Finland og Nederland har dessutan borgarlønnsforsøkene blitt lanserte som ein forskingsbasert utprøving av alternative verkemiddel for å auka sysselsetjinga i tråd med arbeidslinja.

Vi inviterer til konferanse som spring ut av forskingsprosjektet Borgerlønnsforsøk i moderne velferdsstater: En kunnskapsoppsummering.

Foreløpig program

  • Opning og lett servering
  • Velkommen
  • Trygdepolitiske utfordringar: ei innramming av programmet, ved Ann-Helén Bay
  • Lærdommar frå borgarlønnseksperiment i moderne velferdsstatar, ved Simon Birnbaum, dosent i statsvitskap ved Institutet för framtidsstudier, Stockholm
  • Borgarlønn versus aktivering: Erfaringar frå Finlands forsøk med borgarlønn frå 2017 til 2019, ved Olli Kangas, professor ved Universitetet i Åbo og leiar av det finske borgarlønneksperimentet
  • Kva kan Noreg lære av andre lands borgarlønnseksperimenter? Ved Georg Espolin Johnson, Axel West Pedersen, Simon Birnbaum og Olli Kangas
  • Paneldiskusjon med Torhild Stimo, daglig leiar ved Fontenehus Norge, og spesialkonsulent Anita Øvstedal og familiekoordinator Anne Eikvar ved NAV Søndre Nordstrand
  • Politisk paneldiskusjon med Anna Molberg, stortingsrepresentant for Høyre, Hildegunn T. Seip, sosialpolitisk talsperson for MDG, og Tuva Moflag, nestleiar i arbeids- og sosialkomiteen for Arbeiderpartiet.
  • Takk for i dag!

Ordstyrar: Ole Torp