Live: Verdas beste trygdesystem – modent for revisjon?
Kvifor er borgarlønn-inspirerte forsøk nærast fråverande i norsk reformdebatt om den offentlege inntektssikringa medan den finske og den nederlandske velferdsstaten har gjennomført omfattande borgarlønnsinspirert forsøk?
Borgarlønn er ein gammal idé som har fått aukande merksemd i både fattige og rike land som ledd i kamp mot fattigdom, utjamning av forskjellar mellom fattig og rik og utvikling av eit meir fleksibelt sosialforsikringssystem.
I Finland og Nederland har dessutan borgarlønnsforsøkene blitt lanserte som ein forskingsbasert utprøving av alternative verkemiddel for å auka sysselsetjinga i tråd med arbeidslinja.
Vi inviterer til konferanse som spring ut av forskingsprosjektet Borgerlønnsforsøk i moderne velferdsstater: En kunnskapsoppsummering.
Foreløpig program
- Opning og lett servering
- Velkommen
- Trygdepolitiske utfordringar: ei innramming av programmet, ved Ann-Helén Bay
- Lærdommar frå borgarlønnseksperiment i moderne velferdsstatar, ved Simon Birnbaum, dosent i statsvitskap ved Institutet för framtidsstudier, Stockholm
- Borgarlønn versus aktivering: Erfaringar frå Finlands forsøk med borgarlønn frå 2017 til 2019, ved Olli Kangas, professor ved Universitetet i Åbo og leiar av det finske borgarlønneksperimentet
- Kva kan Noreg lære av andre lands borgarlønnseksperimenter? Ved Georg Espolin Johnson, Axel West Pedersen, Simon Birnbaum og Olli Kangas
- Paneldiskusjon med Torhild Stimo, daglig leiar ved Fontenehus Norge, og spesialkonsulent Anita Øvstedal og familiekoordinator Anne Eikvar ved NAV Søndre Nordstrand
- Politisk paneldiskusjon med Anna Molberg, stortingsrepresentant for Høyre, Hildegunn T. Seip, sosialpolitisk talsperson for MDG, og Tuva Moflag, nestleiar i arbeids- og sosialkomiteen for Arbeiderpartiet.
- Takk for i dag!
Ordstyrar: Ole Torp
Clips from this event
Verdas beste trygdesystem – modent for revisjon?
Velkommen til ein borgarlønnsinspirert konferanse om trygdesystemet i Noreg. Kvifor er...