Live: Tolkens dag 2024 - På jobb i andre sin kontekst

23. september 2024 13:00

13.00-13.10 Velkommen ved dekan, Sølvi Mausethagen 

13.10-13.35 Anca Maria Yttri og Silje Ohren Strand 
Pilotprosjekt om tverrfagleg simulering: Institusjonelle samtalar med hjelp frå tolk 
Vi rapporterer frå gjennomføring av simuleringsprosjekt med tolkestudentar og studentar frå fleire profesjonsstudiar.  Denne typen samarbeid på tvers av profesjonar kan gi ei felles forståing for kvarandres ansvarsområde, strategiar og forståingar av kvar skoen klemmer i samtalane og i samarbeidet mellom fagpersonane i samtalen. Tolkestudentane får rolla som tolk og som minoritetsspråkleg innbyggjar/pasient, medan studentar frå dei andre profesjonane speler helsefagarbeidar, ambulansepersonell og annet. Etter kvar øving reflekterer vi over utfordringar og suksessfulle tilnærmingar

13.35-14.00 Presentasjon av verktøyet ‘Boothmate' brukt i kombinasjon med andre digitale verktøy
Ein presentasjon av hovudfunksjonane og korleis eg bruker det sjølv, m.a. i kombinasjon med andre digitale verktøy

14.00-14.20 Pause med stands 

14.20-14.45 Om politiavhøyr, tolking og samarbeid 

14.45-15.10 Anne Langaas, Camilla Hansen, Gry Sagli, Hanne Skaaden og Tatjana R. Felberg 
Hjartetolk – eit forskingsprosjekt om og med interprofesjonelt samarbeid
Når helsepersonell og pasient ikkje forstår kvarandre fordi dei ikkje snakkar same språk, er det behov for tolking. Forskingsprosjektet «Hjartetolk» skaffar ny kunnskap om samarbeid mellom helsepersonell og tolkar i ei fleirspråkleg rehabiliteringsgruppe. I prosjektet med undertittelen «Kva kunnskap treng helsepersonell for å kunne avgjere når det er nødvending å bestille tolk? har helsefaglege og tolkefaglege forskarar observert og intervjua helsepersonell, pasientar og tolkar om erfaringane deira med tolka gruppesamtalar og gruppetrening

15.10-15.55 Pause med småmat og stands 

15.55-16.40 Avbilete eller beskrive? Eller kanskje peike? Semiotiske ressursar i tolking frå norsk teiknspråk til norsk talespråk
I denne presentasjonen vil eg presentere hovudfunn frå Phd-prosjektet mitt, i tillegg til å diskutere kva slags implikasjonar desse funna har for tolkeutdanninga. 

16.40-17.00 Pause med stands 

17.00 -17.25 Skjer i tolkesjøen: om å omsetje invektiv
I innlegget mitt vil eg ta utgangspunkt i temaet for avhandlinga mi «Tolking av invektiv» (banneord), for det illustrerer godt fleire av utfordringane tolken står ovanfor når ein skal omsetje kulturspesifikke uttrykk som ikkje høyrer heime i konteksten av institusjonelle samtalar. 

17.25-17.50 Marthe Ø. Olsen, Berit Heggedal Sadeh og Kristiina Antinjuntti 
Fornying av statsautorisasjonsprøva for tolkar og pilotering av autorisasjonsprøve i teiknspråktolking
Autorisasjonsprøva er under eit omfattande fornyingsarbeid og vurderingskriteria som ligg til grunn for vurderingane av prestasjonane til kandidatane, skal måle kandidatanes i ferdigheiter på ein rettferdig og nøyaktig måte. I denne presentasjonen vil vi snakke om utarbeiding av vurderingskriterium og konstruktet til autorisasjonsprøva. Vi vil også snakke om korleis vi arbeider for å vareta validiteten til prøva og reliabilitet. Vi vil også seie noko om erfaringar frå piloteringa av autorisasjonsprøva i teiknspråktolking som vart gjennomført og evaluert i mai 2024 

17.50-18.00 Oppsummering av dagen ved Silje Ohren Strand


Legg til kalenderen