Live: SAMSVAR: Korleis kan KI gjera journalistikken betre?

6. juni 2024 08:50
Det blir snakka mykje om kor farleg KI er. Dette seminaret ser heller på fordelane og korleis KI kan løfta journalistikken.

Me diskuterer ofte «kor gale det kan gå» når KI kjem til ulike bransjer. Eller me slår berre fast at «KI har komme for å bli! Forhald deg til det». Men korleis ser framtida med KI ut når me tenkjer at glaset er halvfullt?

I dette seminaret ser me på fordelane, og korleis KI kan løfta journalistikken.

Korleis kan KI hjelpa journalistar til å tenkja kreativt eller gjera det enklare for gravejournalistar å dykka ned i store datamengder?

Me avsluttar med ein diskusjon rundt korleis framtida blir med KI som sentralt hjelpemiddel i journalistikken; på godt og vondt.

Førebels program

  • Startar kl: 09:00
  • Ordstyrar: Instituttleiar for journalistikk og mediefag Anne Hege Simonsen
  • Forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet Gudrun Rudningen: Korleis kan KI gjera deg meir kreativ?
  • Professor Roy Thowsen Krøvel om korleis KI hjelper gravejournalistikken
  • Teknologijournalist i NRK, Sahara Muhaisen
  • Professor ved Fakultet for teknologi, kunst og design, Michael Riegler
  • Debatt: Journalistikken i framtida med KI

Upcoming live events

Styremøte 13.desember 2024

13. desember 2024 09:30